Kva er ein plusskunde?

Kort fortalt er ein plusskunde ein forbrukskunde som har installert for eksempel eit solcelleanlegg som produserer strøm.

Denne kunden bruker eigenprodusert strøm til delvis å dekke eige forbruk. Når ein produserer mindre strøm enn det ein forbruker må ein kjøpe det som trengs fra sin strømleverandør og betale nettleige for transporten.

I perioder der ein produserer meir strøm enn til eige forbruk blir overskuddsproduksjonen mata inn i vårt distribusjonsnett.

Som plusskunde må du sjølv inngå ein avtale med ein strømleverandør om kjøp av denne overskuddsproduksjonen.

Hemsedal Energi tilbyr å kjøpe all overskuddsstrøm til gjeldande områdepris på Nord Pool Spot (spotpris)

 

Krav til installasjon:

Hemsedal Energi stiller tekniske krav til plusskundeanlegg, slik at dei ikkje skal bidra til redusert spenningskvalitet i nettet. Vi baserer oss på REN-blad 0342, som beskriv tekniske krav for anlegg.

Det er også krav til at plusskundeanlegg av sikkerhetsmessige årsaker skal koblast ut automatisk ved strømstans i Hemsedal Energi sitt nett.

Erklæring plusskunder finn du her

REN blad 342 finn du her

Link til NVE