Her vil du møte Marit Brenno eller Kari-Guri Haugo som tek seg av kundekontakt på telefonnr. 31408888- tastevalg 1 eller direkte  31408880 til Marit eller 31408882 til Kari Guri.

Skal du tinge eller seie opp kundetilhøve, gje melding om målarstand eller få ei avrekning vil du få hjelp av ein av desse kundebehandlarane.

Skal du bestille andre tenester frå Hemsedal Energi vil det truleg vere Marit eller Kari Guri som du vil få prate med. Om ikkje ein av desse er tilstade vil du likevel få høve til å stille spørsmål som blir besvart så snart som råd.

Kraftskogsh-080921 1200
Alle kundar som er knytta til overføringsnettet må ha ein kraftleverandør. Oversyn over desse finn du på forbrukerrådet sine sider.Har overføringskunden ikkje kraftleverandør vil kunden bli plassert på leveringsplikt som har ein kostnad på 5 øre/kWh meir enn marknadspris. Denne krafta er det overføringsselskapet som må levere.

Overføring
Hemsedal Energi har ansvaret for overføringsnettet i Hemsedal. Dette inkluderar 3 sekundærstasjonar, over 330 nettstasjonar og over 700 km leidningsnett.

Me har eit tap i nettet vårt på rundt 5%, noko som er svært lågt. Det er eit ENØK-tiltak som monnar. Forsyningsområdet har hatt ei stor auke i talet på kundar og forbruk av straum. Dette har sett store krav til m.a. energiverket som må bygge ut overføringskapasitet til å levere straum til alle kundane på den tida av året der forbruket normalt er høgast, dvs. vinter-månadane.

Avrekning
Hemsedal Energi KF er både leverandør av kraft og leverandør av overføring. Hemsedal Energi KF sender ut felles faktura. Avrekning vil bli gjort etter innhenting av målarstandar. Dette skjer automatisk.

Avrekningsperioden er 6 ganger i året – etterskotsvis. Ein kan også avtale oftare avrekningsperiode der månadsvis er mest vanleg.

DLE (Det Lokale El-tilsyn):
Saman med Hallingdal Kraftnett AS sin DLE-verksemd på Torpomoen har vi tilsynsansvar og rådgjevningsansvar for våre kundar i Hemsedal. Ta kontakt med våre kundebehandlarar så skal vi gjera vårt beste til å gje deg rettleiing.

Fiber-kabel
Hemsedal Energi er deleigar i fiberkabel som går frå Tuv til Gol. Dette er eit nett som vil sørge for at Hemsedal er tilknytta resten av Hallingdal når det gjeld overføring av store datamengder. Det er meininga å la storkundar kople seg til dette nettet.

For prisar og informasjon for øvrig, send ein epost.

Andre tenester og utstyr
Hemsedal Energi disponerar ein del utstyr som på førespurnad kan leigast ut. Utstyret må vere bemanna av kunnig personell.