Hemsedal Energi KF ynskjer å teikne sitt straumnett og nyttar nøyaktige data i dette arbeidet. I løpet av sommaren 2010 vart arbeidet starta og ein nytter GPS-utstyr til dette.

I den samanheng vil det kunne hende av nokre av våre folk vil gå langs desse kablane. Dei skal vera uniformert med vårt verneustyr, er «sjølvgåande» og krev ikkje nokon innsats eller merksemd frå våre kundar – heller ikkje er det grunn til uro. 

Ta vel i mot dei!