Kva er Smart Strøm?

Etter pålegg frå myndigheitene skal alle målere skiftast ut til såkalla AMS målere innan 01.01.2019. Det betyr at ca. 2,4 mill. målere her i landet skal byttast ut til nye digitale målere. For Hemsedal Energi betyr det utskiftning av nesten 4000 målere. Myndigheitene kaller det AMS ( Avanserte måle- og styringssystemer). I bransjen blir det kalla «Smart strøm». Dette fordi det åpnar for ein smartare handtering av el-forbruket, både for forbruker,nettselskap og miljøet.

Kva er fordelane med Smart Strøm?

Enklere avlesning

Måleren vil i løpet av få sekund registrere strømforbruket. Fire ganger i døgnet samlast registreringen inn og overførast via radiokommunikasjon til Hemsedal Energi. Dette vert registrert automatisk og ingen skal trenge å lesa av måleren.

Sikrare

Med smart strømmåling får vi bedre oversikt over strømforsyningen. Det vil også bli enklare for oss å oppdage feil i nettet og då klarer vi å gjenopprette raskare.

Smarte løysingar

Målerane er tilrettelagt for tilleggstenester som kan hjelpe deg å styre og redusere strømforbruket. Det vert åpna for at andre leverandørar kan tilby smarte løysingar i heimen din.

Miljøgevinst

Det er forventa at når dette er innført skal strømforbruket gå ned. Det vil gi ein miljøgevinst sidan vi då kan importere mindre energi fra ikkje fornybare kilder. Det vil også bidra til å minske behovet for utbygging av elektrisitetsnettet. Dette vil gi redusert forbruk av plast,stål og andre byggematerialer som gir betydeleg utslepp ved produksjon og transport.

 

Når får du ny strømmåler?

Hemsedal Energi er med på ein samla anskaffelse av AMS målere gjennom Nettalliansen. Leverandør er valgt og vi har lagt plan for utrulling.

Vi vil starte med dette i slutten av november 2016 og skal vera ferdig våren 2017.

Det er eit selskap som heiter OneCo AS som har fått oppdraget med monteringen. Alle vil bli kontakta av dei om når de vil få besøk av ein montør.

For oss er det svært viktig at montøren får tilgang til måleren når han kjem på besøk. Det vil vera montørar frå OneCo eller lokale montørar som blir innleigd. Hemsedal Energi skal også bruke eigne montørar. Montørane blir utstyrt med ID-kort som viser at dei er på oppdrag for Hemsedal Energi.

 

Last ned Smart Strøm brosjyre her

Les meir om AMS på nve.no